Infoskjermen sin logo
Innblikk
Visste du?

Du får Infoskjermen på nynorsk!

Calendar Sist oppdatert 29.11.2024 av

Nesten heilt sidan starten har brukarane våre kunna velje nynorsk som målform. Og sjølv om me vanlegvis brukar bokmål her på bloggen, feirar me i dag med litt nynorsk – for no er me på lista til Noregs Mållag over digitale tenester på nynorsk!

Skjermbilete som viser oppslaget og lista på nettstaden til Noregs Mållag, der Infoskjermen er med.

Skjermbilete frå nettstaden til Noregs Mållag med lista over ditale tenester på nynorsk!

Ein viktig milepæl

Dette er stas for oss! Først og fremst fordi me veit at me tilbyr noko som er viktig for mange av brukarane våre.

Tilfanget av digitale tenester på nynorsk er framleis relativt avgrensa. Det gjer oss ekstra stolte over å vere med på lista til Noregs Mållag - saman med aktørar som Yr, Vipps, Digipost og EnTur.

Slik kan du bruke nynorsk hos oss

Her er fleire moglegheiter for deg som vil bruke nynorsk:

  • For kontoen din: Når du opprettar ein konto, kan du velje nynorsk som standardspråk for heile kontoen.
  • For deg som brukar: Om kontoen er på eit anna språk, kan du framleis velje nynorsk som ditt personlege brukarspråk.
  • For kanalane dine: Du kan spesifisere nynorsk som språk for kvar enkelt kanal, slik at skjermvisninga blir på nynorsk for dei kanalane du vel det for.

Skjermbilete som viser brukargrensesnittet i Infoskjermen, med meyen for val av brukarspråk.

Det er enkelt å velje sitt personlege brukarspråk med Infoskjermen.

Nynorsk i mobilappen

Det stoppar ikkje der! Både du og alle i målgruppa di kan også velje føretrekt målform i mobilappen vår, Infoskjermen Go. 📲

Ekstra viktig i det offentlege

For mange i offentleg sektor er nynorsk meir enn eit ønske – det er eit krav. Offentlege institusjonar kan vere pålagde å bruke nynorsk i delar av kommunikasjonen sin, også i digitale tenester.

Slik me har lagt det opp, kan skular og andre offentlege verksemder enkelt tilpasse innhaldet for å oppfylle språkkrava og gi brukarane ei betre oppleving.

Eit personleg val for mange

Sjølv om nynorsk er eit krav i enkelte samanhengar, veit me òg at for mange av brukarane våre handlar dette rett og slett om kva som er målforma deira og kva som kjennest naturleg å bruke.

Mange som administrerer Infoskjermen, føretrekker nynorsk som sitt personlege arbeidsspråk. Me ønsker å gjere det enkelt for deg å bruke målforma du kjenner deg heime i – anten det er nynorsk eller bokmål.

Grafikk som viser bilete av ein infoskjerm med nynorsk språk for kanalen, samt ein mobiltelefon med nynorsk i mobilappen Infoskjermen Go.

Nynorsk språk er valt for kanalen som viser på skjermen, samt som språk-innstilling i mobilappen vår Infoskjermen Go.

Fridom til å velje

Med løysinga vår får du fridom til å tilpasse språket slik det passar best for både deg og målgruppene dine.

Me er stolte over å vere ein del av det veksande tilbodet av digitale tenester på nynorsk – og me vil halde fram med å gjere det enkelt for deg å bruke og nå ut på den målforma du føretrekker.

Har du spørsmål
eller lurer du på noe?

Ta kontakt! Vi er her for å hjelpe deg!

Torleiv
Torleiv
Leif
Leif
Andreas
Andreas
Te'ena
Te'ena
Sara
Sara
Kristoffer
Kristoffer
Georg
Georg
Knut
Knut
Barbro
Barbro
Jon Håvard
Jon Håvard
Jon Kristian
Jon Kristian

Kanskje er du også interessert i ... ?