Gler seg over nynorske infoskjermar
Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, og Magda Haugen, avdelingsleiar for fellestenester i Samnanger kommune, gler seg over nynorske infoskjermar. - Å få infoskjermar på nynorsk, vil vonleg og truleg vera eit stort framsteg for å få nynorskelevar til å sjå at nynorsk vert nytta i kvardagen, seier Vebjørn Sture.

(Artikkelen er tidlegare sendt ut som pressemelding frå Nynorsk Pressekontor).
- Svært bra
- Det er svært bra at infoskjermen.no no kjem på nynorsk! Ein av fleire grunnar til at mange nynorskelevar byter til bokmål, er at dei mest ikkje ser nynorsk i bruk rundt seg. Å få infoskjermar på skular o.l. på nynorsk, vil vonleg og truleg vera eit stort framsteg i så måte – både når det gjeld kor mykje nynorsk folk faktisk vert eksponerte for, og når det gjeld sjølve signaleffekten, som også er viktig, seier Vebjørn Sture, som er leiar i Norsk Målungdom.
Infoskjermen.no
- Infoskjermen.no er ei norsk løysing for å vise og administrere innhald på digitale oppslagstavler. Webapplikasjonen er utvikla av selskapet Favo AS, som har kontor på Tonstad i Sirdal og i Ølensvåg i Vindafjord. Sidan lanseringa våren 2010 har infoskjermen.no fått ei varm mottaking i marknaden, og vann anbodskonkurransen om rammeavtale med Drammensregionen IKT (D-IKT) på grunn av funksjonalitet, brukarvennlegheit og pris, fortel medarbeidar og deleigar Torleiv Åreskjold i Favo AS.
- Infoskjermen.no vert i dag nytta av godt over 200 skular på alle nivå og i heile landet, i tillegg til ei rekkje verksemder, kommunehus, kulturhus osv. Når brukarane av infoskjermen.no no kan velje nynorsk på skjermane ligg det godt til rette for å kunne synleggjere nynorsk i kvardagen, fortset Åreskjold.
- Nynorsk viktig del av identiteten vår
- Eg har vore van med å bruka nynorsk heile livet. Eg er oppvaksen i Samnanger kommune og her er det nynorsk i skulane. I alle ledd i administrasjonen nyttar me nynorsk. Nynorsk er den målforma som ligg tettast opp mot dialekten vår, så det fell heilt naturleg for oss å bruka det. Nynorsk er rett og slett ein viktig del av identiteten vår, fortel Magda Haugen.
- Pådrivar og påminnar
- Sidan Samnanger kommune tok i bruk infoskjermen.no hausten 2010 har Magda "vore på oss" om at hos saknar nynorsk. Me har lenge hatt planar om, og arbeidd med, å kunne tilby løysinga vår på nynorsk, og det er ikkje tvil om at Magda Haugen har vore ein god pådrivar og påminnar i arbeidet, fortel Åreskjold.
- Eg ivrar for at me som arbeider i kommunen må nytta nynorsken på ein slik måte at me vert gode formidlarar samstundes som det verkar som ein naturleg del av kvardagen vår, fortset Haugen.
- Naturleg ansvar å gjere tilgjengeleg på nynorsk
- Det er eit naturleg ansvar for oss som applikasjonsutviklar å gjere det me lagar tilgjengleg óg for nynorskbrukarar. Dette er særleg viktig sidan infoskjermen.no vert brukt i mange skular og på offentlege stader. Samstundes er arbeidet med å oversetje til nynorsk eit steg på vegen med å lansere løysinga internasjonalt. Me har arbeidd ei stund med å få på plass det tekniske, som har gjeve oss meirarbeid, men som me meiner er viktig å prioritere, fortel Åreskjold.
- Svært positive erfaringar
Samnanger kommune nyttar infoskjermen.no i inngangspartiet i kommunehuset. Her har dei to skjermar ved sidan av kvarandre: På den eine viser dei bilete frå kommunen; frå skular, barnehagar, institusjonar, kulturliv, kulturlandskap, næringsliv, politiske møte osv.
- Det er berre fantasien som set grenser for kva for bilete me legg ut. Ofte opplever me at folk stoggar opp for å sjå på bileta våre og me får mange positive tilbakemeldingar. På den andre skjermen viser me vêrmelding, nyhende i tillegg til kva for hendingar / møte som skjer på huset. Skjermane er kopla opp mot google-kalender slik at det som vert lagt inn i kalenderen kjem opp på skjermen.
- Me har svært positive erfaringar med bruk av infoskjermar og me føler at dette tiltaket har heva kvaliteten på tenestene våre, avsluttar Haugen.
Spørsmål eller kommentarar? Send e-post til support@infoskjermen.no!