Infoskjermoppskrift
Publisert 09.08.2010 av Favo
Teksten på denne sida er ikke lenger oppdatert.
Det er enkelt å kome igang med infoskjermen.no. Her er ingrediensane og oppskrifta.

Ingrediensar
Her er utstyret du treng for å setje opp ein infoskjerm:
- Ein skjerm. Kostar frå ein tusenlapp og to (utan moms) og oppover, og kan kjøpast til dømes her, her, her eller her. Pass på at skjermen har tilkobling for pc.
- Ein pc. Bruk ein "halvgammal" pc eller kjøp ein billeg. Me har kjøpt denne til testing.
- Oppheng til skjermen. Det får du der du kjøper skjermen, eller her.
- Skjermkabel. Det får du òg der du kjøper skjermen eller pcen, eller her.
- Stikkontakt til skjerm og pc
- Nettilgang - anten trådlaust eller kabla.
Framgangsmåte
- Opprett ein konto som du kan prøve uforpliktande i 30 dagar.
- Fortell nokon som har pengar at ein infoskjerm er ei nyttig investering, og at du treng under kr 8500 (eks. mva) for å få det på plass. Dette dekkar utstyret som står over (37" skjerm og lik vår test-pc) og eitt år med abonnement hos infoskjermen.no.
- Få utstyret i hus
- Heng opp skjermen og pc-en.
- Opne infoskjermen.no/live på skjermen du har hengt opp, og - vips - du er i gang.
Kontakt oss på support@infoskjermen.no viss du har spørsmål!
Lukke til!