Du har en kampanjekode! Registrer prøvekonto nå og spar kr 250!
BLOGG infoskjermen.no

Infoskjerm på kyrkjetorget

Publisert 30.04.2014 av Favo
page.title

Infoskjermen.no hjelper Riska kyrkje å enkelt setja opp "plakatar" med fin utsjånad, og til alltid å ha oppdatert informasjon om arrangement. Atle Weibell seier han kan anbefala infoskjermen.no til andre kyrkjer som ikkje vil bruka masse tid på å laga elektroniske plakatar sjølv.

På einkvar stad der folk samlast, kjenner ein trong for å få informasjon ut til folket det er snakk om. I eit fellesskap som ei kyrkje treng ein å informera til dømes om kva aktivitetar og tilbod ein har, kva tid dette skjer og så vidare. Det kan også verke samlande å vise bilete frå felles opplevingar på infoskjermen etter turar eller tilstelningar av ymse slag.

Løysinga hjelper oss å få fine "plakatar"

Riska kyrkje valde å ta i bruk ein infoskjerm for å hjelpe dei med informasjonsflyt og kommunikasjon. - Me valde infoskjermen.no fordi løysinga verka til å vera godt tilpassa våre behov for å enkelt setja opp "plakatar" med fin utsjånad, forklarer Atle Weibell frå Riska kyrkje. 

Alltid oppdatert informasjon

- Infoskjermen.no hjelper oss å alltid ha oppdatert informasjon om arrangement og anna, og gir oss høve til å spissa informasjonen med tanke på kva som foregår i lokala til ei kvar tid.

Dei har infoskjermen sin hengjande på kyrkjetorget i arbeidskyrkja si, lett synleg for alle som kjem ut frå kyrkjerommet. Weibell fortel at han legg merke til at mange kikkar på den når dei går forbi. Dei har oppslag om arrangement som gudstenester og andre samlingar, samt tilbod for born og unge, behov for hjelp osv. 

Anbefaler til andre kyrkjer

- Me kan anbefala infoskjermen.no til andre kyrkjer som ikkje vil bruka masse tid på å laga elektroniske plakatar sjølv, seier ein nøgd Atle Weibell. 



Arkiv over alle blogginnlegg