Du har en kampanjekode! Registrer prøvekonto nå og spar kr 500!
BLOGG infoskjermen.no

- God ambassadør for skulen

Publisert 12.09.2013 av Favo
page.title

- Infoskjermen.no er god å ha som eit hjelpemiddel til å halde elevar og tilsette oppdaterte til alle tider! Og når det kjem elevar på omvisning til skulen er Infoskjermen ein god ambassadør for å vise kva som skjer på skulen, fortel Raoul Mauritz Olsson ved Odda vidaregåande skule.

Tilpassa informasjon på ulike infoskjermar

Dei har plassert ein skjerm ved kvar entrè og tilpassa informasjonen etter dette. Tre skjermar er plasserte i ulike fellesområde, der dei legg ut noko lettare informasjon samt den viktigaste interne informasjonen.

Hjelp til å halde seg oppdatert til alle tider

Ved ei vidaregåande skule er det mykje informasjon som skal ut, - alt frå endringar av romreservasjonar til hastige endringar av plassering til oppmøte. Infoskjermen.no er god å ha som eit hjelpemiddel til å halde elevar og tilsette oppdaterte til alle tider! 

Mauritz Olsson fortel at dei nyttar seg mykje av kalender-funksjonen, og viser på den måten alle komande hendingar for skulen. Været er også noko alle likar å halde seg oppdatert på.

God ambassadør for skulen

Dei får ofte positive tilbakemeldingar på bilete som er lagt inn i samband med turar eller hendingar knytta til skulen. - Når det kjem elevar på omvisning til skulen, er Infoskjermen er ein god ambassadør for å vise kva som skjer ved skulen, fortel IKT-konsulenten.

Brukarvennleg system

Vidare fortel han at det for dei som arbeider med IKT, sjølvsagt var lett å skjøne korleis ein skulle bruke infoskjermen.no, men det er jo ikkje berre dei som skal leggje ut oppslag. Løysinga for denne skulen, vart at dei ansette kunne fortsetje å bruke si eiga skuleplattform, og derved halde seg til et kjent system, og så vart det lagt ut automatisk derifrå som RSS, noko infoskjermen.no også støttar.



Arkiv over alle blogginnlegg