Du har en kampanjekode! Registrer prøvekonto nå og spar kr 250!
BLOGG infoskjermen.no

Infoskjermen.no på nynorsk

Publisert 10.09.2012 av Favo
Teksten på denne sida er ikke lenger oppdatert.

Infoskjermen.no er klar på nynorsk! No går det an å vise og administrere infoskjermane på nynorsk.

Nynorsk-ven

Aktuelt for mange

Mange av kundane våre er skular, kommunehus og verksemder som har har nynorsk som hovudmål. Hittil har dei måtta vise infoskjermane sine på bokmål - t.d. har namnet på vekedager i datofelt og i kalendarar stått på bokmål. Dette er det no ei endring på. 

Du kan velje nynorsk som standard for kontoen, brukarar kan velje målform individuelt og du kan velje om ein eller fleire infoskjermar skal visast på bokmål eller nynorsk.

Tre stader ein kan gjere innstillingar

Det går an å velje nynorsk på tre "nivå":

Grunnen til at me kallar det for språk, og ikkje målform, er at me arbeider med oversetjing til engelsk óg. 

Vêrmelding

Det har lenge vore mogeleg å velje nynorsk på vêrmeldingar. Du kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk. Språkval på skjerm vil ikkje overstyre språkvalet for vêrmelding - du må gå inn og endre på vêrmelding-oppslaget.

Hjelp oss om du finn feil

Me vil svært gjerne ha tilbakemeldingar om du oppdagar bokmålsord eller uheldige nynorskuttrykk! :-)

Spørsmål eller kommentarar? Send til support@infoskjermen.no!



Arkiv over alle blogginnlegg