Du har en kampanjekode! Registrer prøvekonto nå og spar kr 500!
BLOGG infoskjermen.no

- Udelt positive erfaringar

Publisert 21.12.2010 av Favo

- Hos oss her på kommunehuset har erfaringane med bruk av infoskjermane vore udelt positive, skriv Magda Haugen i Samnanger kommune.

Inngangspartiet på Kommunehuset i Samnanger kommune.

Etter at me inviterte brukarane til å sende oss erfaringar frå bruk av infoskjermen.no fekk me ein svært triveleg e-post frå Magda Haugen. Ho er leiar i Fellestenesta på Kommunehuset i Samnanger kommune.

To skjermar

- Me har valt å etablera to skjermar i inngangspartiet vårt. Me har pussa opp og kjøpt nye møblar, og no framstår dette som eit heilt nytt rom, skriv ho.

På den eine skjermen viser dei vêrmelding frå Yr.no, nyhende frå si eiga nettside, informasjon om hendingar, møter og ei velkomsthelsing. På den andre skjermen viser dei nyhende frå NRK i sidestolpen og bilete frå kommunen i hovudoppslaget. Dei viser bilete frå ulike aktivitetar frå mellom anna skular, barnehagar og dagsenter for eldre.

Folk føler seg velkomne

- Me har fått mange tilbakemeldingar på at folk føler seg velkomne. Me deler inngangsparti med NAV, og det er difor masse folk som passerer skjermane våre alle kvardagar. Mange har gjeve oss positive attendemeldingar – dei fleste må stoppa opp lenge for å få med seg alle bilda, skriv ho vidare.

Ynskjer nynorsk

Samnanger kommune er ein "nynorsk-kommune" og ynskjer at løysinga vert heilt og fullt tilgjengeleg på nynorsk.

Me arbeider med dette, men kan ikkje love kor raskt det kjem på plass. Øvst på ynskelista for nynorskbrukarar har me notert mogelegheit for å velje nynorsk i skjerminnstillingar (på skjermane som viser til publikum), og lenger ned har me notert det å kunne velje nynorsk på administrasjonssidene.

Takk til Magda for flott og oppmuntrande tilbakemelding!

Spørsmål eller kommentarar?
Send e-post til support@infoskjermen.no!



Arkiv over alle blogginnlegg